Ved Rondane

No ser eg atter slike fjell og dalar
som dei eg i min fyrste ungdom såg,
og same vind den heite panna svalar;
og gullet ligg på snjo som før det låg.
Det er eit barnemål som til meg talar,
og gjer meg tankefull, men endå fjåg.
Med ungdomsminne er den tala blanda:
det strøymer på meg, so eg knapt kan anda.

Eit syn

Ei Gjente eg såg,
som gjorde meg fjåg,
det var, som eg det skulde drøyma.
Eg såg meg så sæl,
eg minnes der vel:
eg aldrig det kjem til å gløyma.

Som nagla eg stod
og raudna som Blod,
det gjekk for Øyra mit som Lundar;
eg såg henne der,
eg såg henne der,
eg såg henne best når eg blundar.

Langs ei Å

Du skog! som bøyer deg imot
og kysser denne svarte å,
som grever av di hjarterot
og ned i fanget vil deg få.

Lik deg eg mang ein munde sjå
og allerhelst i livsens vår,
at han den handi kyste på,
som slog hans verste hjartesår.

Våren

Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa for Vaaren at røma;
Heggen med Tre som der Blomar var paa eg atter saag bløma.
Enno ein Gong fekk eg Isen at sjaa fraa Landet at fljota,
Snjoen at braana, og Fossen i Aa at fyssa og brjota.
 

Graset det grøne eg enno ein Gong fekk skoda med Blomar;
enno eg høyrde at Vaarfuglen song mot Sol og mot Sumar.
Enno ein Gong den Velsignad eg fekk, at Gauken eg høyrde,
enno ein Gong ut paa Aakren eg gjekk, der Plogen dei kjøyrde.